Velkomen til
Holmen Kulturpark

ein opplevingsarena for det gode liv i Hardanger

Holmen kulturpark er under utvikling 2023-2028

Vi skal verta ein særprega arena for natur- og kulturbaserte opplevingar innan hagebruk, gastronomi og kultur, og appellere til ulike kundegrupper både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Om oss

Holmen kulturpark vil skapa aktivitetar og prosjekt som kjem lokalsamfunnet, næringslivet og kommunane i Hardanger til gode.

Arkitektfirmaet Add:Green har teikna skissene til opplevingshagen i Holmen kulturpark.

Holmen kulturpark ligg vakkert til i Cittaslow bygda Ulvik i Hardanger. Med si historie, sjel og naturskjønne beliggenheit gir besøket deg her eit minne for livet. Fokus på hagebruk og kultur, lokalmat og sider, set ei spesiell ramma rundt besøket her.

Besøk oss

Holmen kulturpark er under utvikling 2023-2028

Vi skal verta ein særprega arena for natur- og kulturbaserte opplevingar innan hagebruk, gastronomi og kultur, og appellere til ulike kundegrupper både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Holmen kulturpark består i dag av

Isdalshuset

Ein praktfull dragestilsvilla frå 1896 med tilhøyrande naust, brygge, uthus og ein landsskapspark som ligg omkring huset. Ulike tilbod innan gastronomiske opplevingar, konsept knytt til mat og drikke vert arrangert her. Landskapsparken har eit naturleg amfi som er unikt for utekonsertar og kulturarrangement

Holmen kulturpark består i dag av

Historia til Kølle-søstrene

I 1805 vart eigedommen kjøpt av Christian Kølle, og det var dei tre døtrene hans som budde der. Catharine Hermine Kølle (1788-1859) var den fyrste kjende kvinnelege fotturist, reiseskribent og målar, med 251 maleri registrert. Køllehuset, der de tre kvinnene heldt til, var eit vakkert 1700-tallshus. På 50-tallet vart det flytta og teke i bruk som samlingsstad for Ulvik-folket, der det på søndagar blant anna vart lest aviser, diskutert politikk, drukke øl og dansa. Dette er eit av få stader i Noreg vi finn spor av salongkultur.

Visningssenter

Vi har planar om å etablera eit permanent visnings og dokumentasjonssenter for «Kølle-søstrene» i Jacobstova, som skal formidla deira virke og liv i ei kulturhistorisk ramme. Det er oppretta ei eige faggruppe som skal utarbeida innhaldet i dokumentasjonssenteret.

Historia til Kølle-søstrene

I 1805 vart eigedommen kjøpt av Christian Kølle, og det var dei tre døtrene hans som budde der. Catharine Hermine Kølle (1788-1859) var den fyrste kjende kvinnelege fotturist, reiseskribent og målar, med 251 maleri registrert. Køllehuset, der de tre kvinnene heldt til, var eit vakkert 1700-tallshus. På 50-tallet vart det flytta og teke i bruk som samlingsstad for Ulvik-folket, der det på søndagar blant anna vart lest aviser, diskutert politikk, drukke øl og dansa. Dette er eit av få stader i Noreg vi finn spor av salongkultur.

Visningssenter

Det arbeidast med å etablera eit permanent visnings- og dokumentasjonssenter for «Kølle-søstrene» , som skal formidla deira virke og liv i ei kulturhistorisk ramme.
Det er oppretta ei eige faggruppe som skal utarbeida innhaldet i dokumentasjonssenteret.
Geir Sigmund Netland er prosjektleiar.

PROSJEKTET 2023-2028

Heilskapen i prosjektet; ein stad for kunnskap og opplevingar.

Historisk Frukthage

Det skal plantast ein historisk frukthage som formidlar Hardanger si frukthistorie. Gamle sortar som er aktuelle for mat og drikke skal nyttast, dei skal synleggjere ulike skjeringsformar som frukttrea har hatt gjennom tidene, og det vert informasjon om poding gjennom kurs og utstillingar. Historisk perspektiv: Anlegget skal spegle Ulvik si rolle i utviklinga av norsk frukt og hagebruksnæring. Planteskule sidan 1765 og hagebruksskule frå 1901.

Hageopplevingar

Det skal etablerast ein opplevingshage i prosjektet, på den gamle gartneritomta- eit 3500 kvm. stort opparbeida område som ligg klart til å byggja på. Adkomsten til heile parken skal gå gjennom bygget og inn i hagen. Stiar og veger som skal slynge seg gjennom parken og har ulike sitjeplassar der besøkande kan finne ro og harmoni, samt nyte mat og drikke.

Ved inngangen skal det og vere eit utsal med lokale produkt. Sentralt står lokale og handlaga produkt, basert på dei naturgitte ressursane vi historisk har produsert, foredla og servert her i regionen. Vi skal i størst mogeleg grad vere sjølvforsynt (lokalt og regionalt) med produkttilbodet.

Hagen skal ha eit gastronomisk utrykk, der ein kan «ete» seg gjennom hagen og lære om ulike vekstar. Det vert fokus på matvekstar, men og estetikk. Hagen skal verte ei oppleving i seg sjølv. Opplevingshagen vert knytt til visningsfelt for sommarblomar og moglegheit for besøk i produksjonsgartneri. Læring skal vere ein raud tråd og heile området skal nyttast til kunnskapsformidling.

Galleri

Holmen kulturpark skal tilby ekte sanseopplevingar og formidla unik kulturhistorie frå Ulvik. Besøkjande skal få oppleva, sjå, smake og læra om det beste som Hardanger har å by på.

Besøk oss

Arrangementskalender

"Kølle Utstilling" i Isdalshuset sundagar i juli og august 2025
Kl. 12-15. Kafè

Bringklutkurs
14-16. november 2025

Kurs i beskjæring og poding av frukttre, mars 2026
Hardanger Matsymposium
20. juni 2026
19. og 20. juni 2026

Kølle Utstillinga i Isdalshuset.
Kom og høyr historia om Ulviksparliamentet og ei unik kvinne som budde i Holmen på 1800-talet.
Catharine Hermine Kølle frå Ulvik (1788-1859) var Norges første kvinnelege fotturist og malerinne.
30 kopiar av hennar akvarellar er utstilt i Isdalshuset i sommar.
Kafè med sitteplassar inne og ute i hagen.
Billett kr. 100, born gratis.
Grupper etter avtale: post@holmenkulturpark.no

BRINGKLUTKURS 14-16. NOVEMBER I ISDALSHUSET
Holmabringklut – lær deg å sybunadsbringklut etter Kølle-søstrene
Desse svært vakre bringklutane har namn etter søstrene Kølle som budde i Holmeni Ulvik.
Dei sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser og perler, sydd på raudt ullstoff, og gjerne kanta med silkeband og knipling. På kurset får du læra korleis ein lagar slike bringklutar. Du kan sy ein Holmabringklut, eller sy einannan type bringklut på raudt klede. Her er mange mønstre og teknikkar å veljamellom.
Kurset går over tre dagar, og målet er at ein i løpet av desse dagane kjem så lang med bringkluten at ein kan fullføra den rett etter kurset er ferdig. Kurslærar er AgneteSivertsen. Ho har lang erfaring frå Hardangar folkemuseum sine bunadskurs, og hadde mellom anna ansvar for museet sin store bringklututstilling «1000bringklutar» i 2018 og 2019. Kurslærar har med alt ein treng av materiale og utstyr, men viss ein har eigne bunadsperler kan ein gjerne ta med desse. Kurset er eit samarbeid mellom Holmen Kulturpark, Hardanger folkemuseum, Ulvik Bygdekvinnelagog Kølle-prosjektet i Ulvik herad.

Stad: Isdalshuset,Holmen Kulturpark, Hjeltnesvegen 47, Ulvik
Dato: Fredag 14. – søndag 16. november
Tidspunkt: Kl. 10-17 alle dagar
Pris: Kr 4 400 (4 000 formedlemer i Bygdekvinnelaget)
Prisen inkluderer materiale og utstyr, kaffi, te, frukt og varm lunsj alledagar
Påmelding: post@holmenkulturpark.no
Påmeldingsfrist: 1.oktober (først til mølla – kurset har berre 10 plassar)
Holmen Kulturpark kantilby overnatting for tilreisande
For spørsmål kontakt: Holmen Kulturpark - Irene Bjotveit Sæbø; tlf. 480 37 615

Kontakt oss

Ynskjer du å komma i kontakt med prosjektgruppa, send ein e-post til
post@holmenkulturpark.no
+ 47 480 37 615
Hjeltnesvegen 43, 5730 Ulvik